Sunnfjordadvokatane

Sunnfjordadvokatane Sunnfjordadvokatane er eit kontorfellesskap med advokatane Andreas Rønnekleiv, Asbjørn Løvik og Lisa Refsnes, samt advokatassistent Alice Nesje.

Advokatkontoret held til i Elvegården i Førde og BYX i Florø. Sunnfjordadvokatane vart oppretta i 2003, og har ei lang og brei erfaring, samt god kjennskap til lokale tilhøve. Vi yt bistand til næringsliv og privatpersonar. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktane prat om vi kan hjelpe deg med saka di.

Stolte og glade for å få Olve Grotle tilbake til Sunnfjordadvokatane!
04/11/2025

Stolte og glade for å få Olve Grotle tilbake til Sunnfjordadvokatane!

Planen var å vere i arbeid innan 1. januar. Olve Grotle er no to månadar før skjema.

06/10/2025

Sunnfjordadvokatane er eit kontorfellesskap med advokatane Andreas Rønnekleiv, Asbjørn Løvik og Lisa Refsnes, samt advokatassistent Alice Nesje.

Advokatkontoret held til i Elvegården i Førde og BYX i Florø. Sunnfjordadvokatane vart oppretta i 2003, og har ei lang og brei erfaring, samt god kjennskap til lokale tilhøve.

Vi yt bistand til næringsliv og privatpersonar. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktane prat om vi kan hjelpe deg med saka di.

Eigedom som ligg flott til på Byrkjeland i Naustdal. Visning måndag 2. juni!
23/05/2025

Eigedom som ligg flott til på Byrkjeland i Naustdal. Visning måndag 2. juni!

BeliggenhetLandbrukseigedom som ligg på Byrkjeland i Naustdal. Området har spreidd busetnad knytt til landbrukseigedommar og enkelte frittliggande bus

Vi har for sal bustadeigedom sentralt i Kalvåg. Kontakt oss for salsoppgåve og visning!
19/05/2025

Vi har for sal bustadeigedom sentralt i Kalvåg.

Kontakt oss for salsoppgåve og visning!

PlasseringEigedommen ligg fint til i Kalvåg sentrum, med sjøutsikt og kort gangavstand til mellom anna Knutholmen. Bustaden ligg sørvendt på opparbeid

Markegata 27 i Florø er til sals. Ta kontakt med oss for salsoppgåve og visning!
19/05/2025

Markegata 27 i Florø er til sals.

Ta kontakt med oss for salsoppgåve og visning!

Eigedommen ligg i område regulert til bustad og næring. Huset var tidlegare eigd av kyrkjelyden Filadelfia, og er regulert til bygning for religiøs ak

Vi vil ønskje alle ei riktig god jul🎄                 Vi tek litt julefri, men er å treffe på telefon 10-14 i romjula.
23/12/2024

Vi vil ønskje alle ei riktig god jul🎄 Vi tek litt julefri, men er å treffe på telefon 10-14 i romjula.

Tidlegare i haust var Lisa Refsnes gjest i Firdaposten sin podcast, og dei prata om stort og smått. Høyr episoden her.
13/12/2024

Tidlegare i haust var Lisa Refsnes gjest i Firdaposten sin podcast, og dei prata om stort og smått. Høyr episoden her.

Kaffi & Kringle · Episode

GPS-SPORING OG FRAMTIDSFULLMAKTNRK Sogn og Fjordane har den siste tida sett fokus på fordelane med GPS- sporing av demen...
17/10/2024

GPS-SPORING OG FRAMTIDSFULLMAKT

NRK Sogn og Fjordane har den siste tida sett fokus på fordelane med GPS- sporing av demente. GPS-sporing kan mellom anna hjelpe til å finne igjen demente dersom dei går seg bort. I NRK-artikkelen vert det oppmoda om å setje et førehandssamtykke til GPS-sporing inn i ei framtidsfullmakt.

Ei framtidsfullmakt er eit skriv der du gjev nokon fullmakt til å representere deg og handle på dine vegner frå det tidspunkt du ikkje lenger er i stand til å ivareta eigne interesser. Ei framtidsfullmakt kan være eit omfattande dokument, som mellom anna kan gje fullmektigen rett til å disponere over bankkontoane dine, søke om tenester eller klage på vedtak på dine vegner. Det er også ei rekke lovpålagte formkrav til ei framtidsfullmakt.

Den du veljer som fullmektig i ei framtidsfullmakt kan ikkje bestemme at du skal GPS- sporast dersom du blir dement, sjølv om du har tatt det inn i framtidsfullmakta. Det er helse- og omsorgstenestene som skal ta avgjerd om dette. Helse- og omsorgstenestene må vurdere konkret om GPS-sporing er naudsynt for å hindre eller redusere risiko for at du skader deg. Vurderinga er samansett, og eit av momenta er om det er sannsynleg at du ville ha samtykka til GPS-sporing dersom du var i stand til å ivareta eigne interesser. Dersom det er mogleg, skal helse- og omsorgstenesta innhente informasjon frå næraste pårørande om kva du sjølv ville ha ønska. Slik sett vil det være nyttig for dei som skal gje deg helsehjelp i framtida å vite kva du sjølv tenkte om GPS-sporing før du vart for sjuk til å seie ifrå. Sjølv om du har gitt utrykk for at du ønskjer GPS-sporing dersom du blir dement, må helse- og omsorgstenesta likevel vurdere om GPS-sporing av deg vil stå i eit rimeleg forhold til den aktuelle risikoen for skade.

Snakk gjerne med dine næraste pårørande om kva du tenker om GPS- sporing dersom du vert dement, slik at dei kan formidle dette til rette vedkomande dersom det vert naudsynt. Du kan også skrive ned nokre linjer om kva du tenker om dette, som næraste pårørande kan vidareformidle til helse- og omsorgstenesta dersom det vert ei aktuell problemstilling. Det er ikkje naudsynt å skrive ei formell framtidsfullmakt for å bli hørt.

Adresse

Naustdalsvegen 1B
Fords
6800

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4757829190

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnfjordadvokatane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sunnfjordadvokatane:

Del